skillePodkastingskille_slutt
Toppbanner Irak-konflikten 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Utenriks > Irak-konflikten Sist oppdatert 22:50
NRK Nyheter
Tlf: 23 04 80 00
Faks: 23 04 71 77
nettnyheter­@nrk.no
Adresse: 0340 Oslo

Publikumsservice
Tlf: 815 65 900
info@nrk.no


Nyhetsredaktør:
Rune Nøstvik
Ansvarlig redaktør NRK.no: Are Nundal

Tips NRK Nyheter:
nyheter@nrk.no
Tips alle nyhets­redaksjonene
Tlf: 23 04 80 00

 

- 100 nye bin Ladenar

Egypts president Hosni Mubarak seier at krigen mot Irak vil skape 100 nye terroristar som bin Laden, og fleire muslimar som vil bruke våpen mot vestlege mål.

Publisert 31.03.2003 13:44. Oppdatert 31.03.2003 15:54.
Av Bent J. Tandstad

Egypts president Hosni Mubarak trur Irak-krigen vil skape 100 nye bin-Ladenar. (Reuters-foto)
Hosni Mubarak talte til egyptiske soldatar i byen Suez i dag. - Når denne krigen er over, om han nokon gong vil ta slutt, vil dei forferdelege konsevensane vise seg, sa han.

Motstand

Egypt er ein av USA sine viktige støttespelarar i Midtausten, men støttar ikkje krigen mot Irak. I talen sin i dag sa Mubarak at den harde motstanden dei amerikanske og britiske styrkane møter i Irak grunnar i at dei irakiske soldatane kjempar for landet sitt og forsvarar si nasjonale ære.

Det er sterk motstand mot krigen i Irak i dei fleste arabiske land, også i Egypt. Dette har ført til frykt for at dei vestleg-orienterte regima i området kan falle i kjølvatnet av krigen. I helga demonstrerte fleire tusen menneske i Suez by med krav om å stengje Suezkanalen for amerikanske marinefarty.
Osama bin Laden.


Den egyptiske presidenten sa også at krigen har reist mange spørsmål blant arabarar og muslimar om truverdet til det internasjonale systemet for kollektiv tryggleik, representert gjennom Tryggingsrådet i FN.

Også franske og tyske styresmakter har brukt faren for auka terrorisme mot Vesten i sin argumentasjon mot den amerikansk-britiske krigen mot Irak.

Dobbeltmoral

- Mange arabarar meiner USA står for ein dobbeltmoral når landet tvingar Irak til å etterleve FN sine resolusjonar, medan dei ikkje legg press på Israel til å gjere det same, sa Hosni Mubarak.

Han nemnde også den internasjonale planen for fred mellom Israel og palestinarane, som blir kalla vegkartet for fred.

- Dei palestinske styresmaktene har godteke vegkartet, medan regjeringa til Ariel Sharon i Israel har kravd over 100 endringar i planen, sa den egyptiske presidenten.

Han sa at om ikkje stormaktene ville setje makt bak krava for å gjennomføre planen vil han ikkje vere mogleg å få til.

Siste saker:
Flere saker: ALT OM KRIGEN MOT IRAK

 
Interaktivt kart 181 (artikkelside)
5 SISTE NYHETER
5 SISTE UTENRIKS
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no