skillePodkastingskille_slutt
Toppbanner Irak-konflikten 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Utenriks > Irak-konflikten Sist oppdatert 22:50
NRK Nyheter
Tlf: 23 04 80 00
Faks: 23 04 71 77
nettnyheter­@nrk.no
Adresse: 0340 Oslo

Publikumsservice
Tlf: 815 65 900
info@nrk.no


Nyhetsredaktør:
Rune Nøstvik
Ansvarlig redaktør NRK.no: Are Nundal

Tips NRK Nyheter:
nyheter@nrk.no
Tips alle nyhets­redaksjonene
Tlf: 23 04 80 00

 

Kamp mot elitestyrkane

Amerikanske styrkar har for første gong vore i kampar med elitestyrkane til Saddam Hussein, Republikanargarden, opplyser ein amerikansk offiser. Kampane skal ha skjedd ved byen Najaf sør for Bagdad.

Publisert 31.03.2003 10:32. Oppdatert 31.03.2003 15:15.
Av Tor Helge Haugland

Minst ein amerikansk soldat og fleire irakiske soldatar blei drepne i kampane, melder telegrambyrået Reuters. Samstundes skal fleire irakiske soldatar også vere drepne

Dei amerikanske styrkane gjekk til artilleriangrep på styrkar frå Republikanergarden i landsbyen Imam Aiyub ved Hilla, litt nord for Najaf.

Irakarane svara med rakettdrivne granatar og bomber, fortel Reuters-korrespondent Andrew Gray, som følgjer dei amerikanske styrkane.

Ein amerikansk offiser seier til telegrambyrået AFP at piloten på eit amerikansk Apache-helikopter blei skadd då helikopteret blei treft av kuler frå lettare irakiske våpen.

Piloten kom seg likevel tilbake til basen. Den amerikanske offiseren sa at andre helikopter heldt fram angrepet mot irakiske stillingar. Han seier at helikopterangrepa blir brukt som luftstøtte for dei amerikanske bakkestyrkane i området.

Det blir også meldt om den første alvorlege amerikanske samanstøyten med styrkar frå Republikanargarden som har grave seg ned i stillingar aust for Karbala i det same området.

200 irakarar skal ha blitt drepne i samanstøytane, etter det amerikanske offiserar opplyser.

Siste saker:
Flere saker: ALT OM KRIGEN MOT IRAK

 
Interaktivt kart 181 (artikkelside)
5 SISTE NYHETER
5 SISTE UTENRIKS
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no