skillePodkastingskille_slutt
Toppbanner Irak-konflikten 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Utenriks > Irak-konflikten Sist oppdatert 22:50
NRK Nyheter
Tlf: 23 04 80 00
Faks: 23 04 71 77
nettnyheter­@nrk.no
Adresse: 0340 Oslo

Publikumsservice
Tlf: 815 65 900
info@nrk.no


Nyhetsredaktør:
Rune Nøstvik
Ansvarlig redaktør NRK.no: Are Nundal

Tips NRK Nyheter:
nyheter@nrk.no
Tips alle nyhets­redaksjonene
Tlf: 23 04 80 00

 

Tyrkiske soldatar inn i Nord-Irak

Fjernsynsstasjonen CNN melder at tyrkiske soldatar har kryssa grensa til Nord-Irak, trass i amerikanske protestar. Opplysningane er ikkje stadfesta frå anna hald.

Publisert 21.03.2003 15:09. Oppdatert 21.03.2003 15:41.
Av Bent J. Tandstad og Reidar Jensen

Opplysningane frå CNN er ikkje stadfesta frå anna hald, og det har ikkje kome meldingar om at USA har gitt løyve til ein tyrkisk aksjon i Nord-Irak mot å få nytte tyrkisk luftrom i sine angrep på Irak.
Ein irakisk (fremst)og ein amerikansk soldat patruljerer saman på ein amerikansk base i det sørøstlige Tyrkia. (Foto: Yannis Behrakis, Reuters)


Det er uklart kor store styrkar Tyrkia har gått inn med, men det er førebels lite som tyder på at det er snakk om ein storstilt aksjon. Tyrkiske soldatar opererer ofte inne i dei kurdiske områda i Nord-Irak.

Rumsfeld seier at USA har spesialstyrkar som samarbeider med kurdiske styrkar i Nord-Irak, og at "alle kan vere viss på" at amerikanarane har gjort det klart for tyrkarane at det ikkje ville være til særleg hjelp dersom dei sender soldatar inn.

Forhandlingar

Det har vore harde forhandlingar mellom Tyrkia og USA om nettopp dette. Det er stadig fleire teikn som tyder på at forholdet mellom Tyrkia og USA er inne i ein kritisk fase.

Tyrkia vil tillate USA å bruke tyrkisk luftrom for sine operasjonar i Irak, men som motyting vil landet ha amerikansk aksept for å sende eigne soldatar inn i dei kurdiske områda i Nord-Irak.

Ein amerikansk diplomat i Tyrkias hovudstad seier til nyheitsbyrået AFP at USA ser det som svært viktig at det tyrkiske luftrommet blir opna, men at Tyrkia ikkje ser ut til å ha hastverk.

Samtalane mellom amerikanske og tyrkiske diplomatar heldt fram fredag, etter at det ikkje var mogleg å kome fram til ei løysing begge partar kunne akseptere i går.

Få timar etter at dei første angrepa mot Irak starta tidleg torsdag vedtok det tyrkiske parlamentet å opne luftrommet for amerikanske krigsfly. USA takka for gesten, men åtvara samstundes på det sterkaste Tyrkia mot å gå til militære aksjonar i Nord-Irak. USA er redd det kan øydeleggje forholdet til dei kurdiske gruppene i området.

Skrekkvisjon

Tyrkia har på si side gjort det klart at landet vil sende soldatar inn i det nordlege Irak for å kontrollere lokale kurdiske grupper. Tyrkias skrekkvisjon er at det blir proklamert ein sjølvstendig, kurdisk stat i området om eller når regimet til Sadam Hussein blir styrta.

Tyrkia er redd for at ein sjølvstendig kurdisk stat skal føre til nytt opprør i dei kurdiske områda i det søraustlege Tyrkia.

Den tyrkiske avisa Milliyet skriv i dag at det er krise i forholdet mellom USA og Tyrkia. - Medan USA ikkje får bruke vårt luftrom, er også vår innmarsj i Nord-Irak også utsett, skriv avisa.


Siste saker:
Flere saker: ALT OM KRIGEN MOT IRAK

 
Interaktivt kart 181 (artikkelside)
5 SISTE NYHETER
5 SISTE UTENRIKS
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no