Hopp til innhold

Utdanning blir distriktspolitikk

Sentrale personar i høgare utdanning uttrykk uro for at utdanningspolitikken blir for mykje prega av distriktspolitikk.

Den nye regjeringa ynsker at utdanningstilbodet på Nesna på Helgelandskysten skal gjenopprettast. Dei vil og at Stortinget skal ha siste ord dersom ein utdanningsinstitusjon vil legge ned ein lærestad.

Rektor ved Universitetet i Oslo, Svein Stølen, er redd utdanningskvaliteten taper.

– Når ein skal utvide det regionale tilbodet, må det ressursar inn og det kan ikkje svekke vår satsing i det internasjonale forskingsmiljøet. I Kina, USA og andre stadar i Europa blir det satsa mykje. Om Noreg vel å fordele ressursane mot det regionale så trur eg vi taper, og norsk næringsliv taper, seier Stølen.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no