Hopp til innhold

USA: Ukraina kan skyte amerikanske rakettar lenger inn i Russland

Det amerikanske forsvarsdepartementet seier at Ukraina kan skyte amerikanske rakettar lenger inn i Russland i sjølvforsvar.

Russiske styrkar har skote mot ukrainske mål frå eige territorium, og på grunn av restriksjonane som var lagde på bruken av blant anna amerikanske våpen, hadde Ukraina avgrensa høve til å skyte tilbake. I praksis fungerte dermed russisk territorium som ei trygg sone for angrep mot Ukraina.

– Ettersom vi ser styrkane utføre slike operasjonar frå andre sida av grensa, har vi forklart at Ukraina òg kan ha rett til å skyte tilbake for å forsvare seg, sa Pentagons talsperson general Pat Ryder på ein pressekonferanse torsdag.

Pentagon opplyser at Ukraina har løyve til å bruke langtrekkande rakettar frå USA til å ramme mål i Russland, og at dette ikkje berre gjeld like over frontlinja ved Kharkiv i nordaust. Føresetnaden er at det er snakk om sjølvforsvar.

– Viss Russland angrip eller er i ferd med å angripe frå territoriet sitt og inn i Ukraina, er det rimeleg å la Ukraina slå tilbake mot styrkane som angrip frå den andre sida av grensa, seier han.

(NTB)

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no