Hopp til innhold

USA: Ingen indikasjon på at Russland førebur bruk av atomvåpen

President Joe Biden åtvara i går om at faren for kjernefysisk våpen ikkje har vore så stor sidan den kalde krigen.

Det kvite hus understrekar at utsegna frå presidenten ikkje reflekterer ny informasjon og at dei ikkje har nokon indikasjon på at Russland no førebur eit kjernefysisk åtak, ifølge Reuters.

– Han (Joe Biden, journ.anm.) understreka kor alvorleg vi tar desse trugsmåla frå Russland, seier talsperson for det kvite hus Karine Jean-Pierre.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no