Hopp til innhold

USA: Hatt positive møte med Taliban

Representantar for amerikanske styresmakter seier ifølge nyheitsbyrået Reuters at dei har hatt gode og positive samtaler med Taliban gjennom helga.

USA har mellom anna snakka med Taliban om humanitær hjelp til Afghanistan. Det asiatiske landet har slite med å få tak på nok handelsvarer etter at Taliban tok over makta og mange land kutta mykje av støtta til landet.

USA seier også at representantar for europeiske land har vore med på møte med USA og Taliban i Qatar i dag.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no