Hopp til innhold

USA tilbyr kamphelikopter til Slovakia

I førre veke gav Slovakia kampfly til Ukraina. No får landet tilbod om å kjøpe kamphelikopter av typen Bell AH-1Z Viper frå USA til sterkt reduserte prisar, seier Slovakias forsvarsminister Jaroslav Nad. Prisen skal vere redusert med to tredelar. Kjøpet er førebels ikkje godkjent av regjeringa i Slovakia, men Nad seier tilbodet er godt.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no