USA og Russland har snakka saman

Toppgeneralar frå Russland og USA har snakka saman over telefon tysdag, melder AFP.

Russlands forsvarsdepartement opplyser om at generalane Valerij Gerasimov og Mark Milley diskuterte «aktuelle spørsmål om internasjonal sikkerheit». Generalane møttest også i september.

Vestlege land, og særleg USA, har frykta at Kreml planlegg å invadere Ukraina. Russland avviser påstandane.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no