Hopp til innhold

USA offentleggjer atom-tal

USA hadde 3750 atomstridshovud i slutten av september i fjor. Det viser tal frå det amerikanske utanriksdepartementet, ifølge AFP.

Dette er det lågaste nivået USA har rapportert sidan den kalde krigen med Russland tok slutt. Atomlageret var på sitt største i 1965. Då hadde USA over 30.000 stridshovud.

Det er første gong på fire år USA rapporterer tala, etter at president Donald Trump nekta å offentleggjere dei.

President Joe Biden prøver no å ta opp att forhandlingane om våpenkontroll med Russland.

– Statar bør vere opne om kor store atomlager dei har. Det er viktig for ikkje-spreiing og nedrusting, sa utanriksdepartementet i ei fråsegn.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no