Hopp til innhold

USA har tilbode Nord-Korea koronavaksinar

USA har gjeve Nord-Korea tilbod om å levera koronavaksinar til landet, men har ikkje fått noko svar.

Det seier president Joe Biden, som er i Seoul.

Ekspertar trur det er eit stort koronavirusutbrot i Nord-Korea, og styresmaktene der har vedgått at svært mange har fått feber av det dei kallar ein ukjend sjukdom.

Nord-Korea har tidlegare takka nei til koronavaksinar gjennom Covax-samarbeidet.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no