USA godkjenner våpensal til Israel for over 200 milliardar kroner
Brorparten av salet gjeld sal av 50 F-15 kampfly, landet skal òg kjøpe stridsvogngranatar, bombekastargranatar og nye militære transportkøyretøy.
Menneskerettsgrupper og enkelte medlemer på venstresida i Det demokratiske partiet har bedd styresmaktene avgrense eller stanse salet av våpen til Israel. Dei viser mellom anna til dei enorme sivile tapa i krigen på Gazastripa.
Kongressen, som har vorte informert om Utanriksdepartementet si godkjenning, kan hindre våpensal, men det er ein krevjande prosess.
(NTB)