Hopp til innhold

USA avviser WTO-avgjerd om ståltoll

USAs toll på stål og aluminium frå land som Kina, Noreg og Sveits bryt med Den internasjonale avtalen om toll og handel, GATT, meiner Verdas handelsorganisasjon, WTO.

Tollen blei innført av tidlegare president Donald Trump, som gav nasjonal tryggleik som grunn for innføringa. Etterfølgaren Joe Biden har vidareført tollen.

USA avviser avgjerda til WTO, og meiner ho er feilslått og at organisasjonen ikkje har myndigheit til å vurdere kva behov medlemslanda har for å svare på tryggingstruslar.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no