Hopp til innhold

Undersøkjer om dødsfall er æresdrap i Sverige

I Sverige er tre personar arresterte etter at ei tenåringsjente blei funne død i ei leilegheit i Nacka utanfor Stockholm denne veka.

Svenske medium skriv at politiet først trudde det var sjølvmord, men at dei no undersøkjer om det dreier seg om eit såkalla æresdrap.

Til SVT seier Ola Östering i politiet at det vil bli gjort avhøyr av dei arresterte i dag, og analyse av spora i leilegheita.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no