Hopp til innhold

Ukrainske ambassadar har fått pakkar med dyreauge

Fleire ukrainske ambassadar og konsulat har fått «blodige pakkar» som inneheld dyreauge. Det skriv talsmann for det ukrainske utanriksdepartementet, Oleg Nikolenko, på Facebook.

Uttalen kjem etter at det har vorte sendt ei rekkje mistenkjelege pakkar til fleire av Ukrainas ambassadar i Europa.

– Sjølve pakkane vart dynka i ei væske med ein karakteristisk farge og hadde ei tilsvarande lukt. Vi studerer betydninga av denne meldinga.

Dei blodige pakkane har vorte sende til ambassadane i Ungarn, Nederland, Polen, Kroatia og Italia. Og dessutan generalkonsulata i Krakow og Napoli og konsulatet i Brno.

– Vi har grunn til å tru at ein godt planlagd terrorkampanje og truslar mot ukrainske ambassadar og konsulat finn stad.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no