Hopp til innhold

Ukraina skal få over 100 Leopard 1-stridsvogner

Det bekrefter Tysklands forsvarsminister Boris Pistorius under eit besøk i Kyiv på tysdag. Stridsvognene vil koma frå fleire europeiske land, sa Pistorius.

I januar opna den tyske regjeringa opp for å senda moderne Leopard 2-stridsvogner til Ukraina. Den tyske avisa Spiegel meldte tidlegare tysdag kveld at den tyske regjeringa ville senda 178 stridsvogner av den eldre Leopard 1-typen til Ukraina. Talet kom fra ikkje-namngitte kjelder, og er førebels ikkje bekrefta frå offentleg hald.

Under ein pressekonferanse tysdag sa sjefen for den tyske våpenprodusenten Rheinmetall, Armin Papperger, at dei vil senda 20 til 25 Leopard 1-stridsvogner til Ukraina i år, melder nyheitsbyrået Reuters. Våpenprodusenten vil levera resten av sine 88 Leopard 1-stridsvogner neste år, ifølge Papperger.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no