Hopp til innhold

Ukraina ber Libanon stoppa syrisk skip med korn

Ukraina ber Libanon om å stoppa avreisa til eit beslaglagt syrisk skip med korn, som Kyiv hevdar er stolen ukrainsk korn, melder Reuters.

Det ukrainske utanriksdepartementet sa i ei utsegn at dei var skuffa over avgjerda til retten i Tripoli, som klarerte avreisa til det syrisk-flagga skipet. Dei meiner dei ikkje har blitt lytta til.

Ukraina har store kornavlingar, og blir kalla Europas brødkorg.

Etter Russlands invasjon, har ukrainske hamner vore blokkert av russiske krigsskip og miner. Russland og Ukraina har blitt einige med FN og Tyrkia om ein kornavtale, der dei to sistnemnde skal koordinere og overvake eksporten.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no