Uendra rente i eurosona
Den europeiske sentralbanken (ESB) held styringsrenta uendra på 4 prosent. Der har den ligge sidan september i fjor.
Som dei fleste andre sentralbankar, prøver også ESB, med Christine Lagarde i spissen, å stagge prisveksten – som i fleire land har vore skyhøg den seinare tida.
Tal frå tidlegare denne månaden viste at prisveksten i eurosona (landa som har euro som valuta) var 2,4 prosent i mars, samanlikna med same månad året før. Til samanlikning var prisveksten i Noreg i mars på 3,9 prosent.