Hopp til innhold

UDI: 30.000 ukrainske flyktningar kan kome til Noreg i år

Utlendingsdirektoratet (UDI) reknar med at 30.000 ukrainske flyktningar kan kome til Noreg i år, det melder regjeringa.

Ei eventuell overføring av flyktningar frå naboland vil kome i tillegg.

– Dette er eit anslag. Regjeringa legg òg beredskapsplanar for at talet kan bli høgare, seier justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl (Sp).

Ho understrekar at situasjonen endrar seg raskt, avhengig av korleis krigen i Ukraina utviklar seg.

– Vi ser allereie at innkomstane til Noreg aukar, seier Mehl.

Mellombels kollektiv vern gjer at busettinga kan skje raskare enn normalt.

Arbeids og inkluderingsminister, Marte Mjøs Persen (Ap) har bede Integrerings- og mangfaldsdirektoratet gjere ei kartlegging av kommunane sin kapasitet, og dei har førebels meldt at dei kan ta i mot 22.000 i år.

Emilie Enger Mehl
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no