Hopp til innhold

UD: Norsk statsborgar arrestert i Somaliland

Ein norsk statsborgar med somalisk bakgrunn er arrestert i Somaliland. Det bekreftar Utanriksdepartementet (UD).

– UD kan bekrefte at ein norsk statsborgar er arrestert, og at vi tilbyr konsulær bistand. Av omsyn til teieplikta kan vi ikkje kommentere ytterlegare detaljar i saka, seier pressevakta Tuva Bogsnes ved UD.

Politiet i Somaliland haldt ein pressekonferanse tidlegare i dag som vart publisert på sosiale medier.

– Tidlegare i dag vart han stilt for retten i distriktet Maroodi Jeex, seier operasjonsleiar for politiet i Hargeisa Sareeye Guuto Ibraahim.

Ibraahim opplyser at den norske statsborgaren vart arrestert 20. juni.

Ifølgje kjelder NRK har snakka med skal han ha kritisert styresmakta i sosiale medium på veg til Hargeisa i Somaliland, og vert pågripen ved framkomst.

Lokale medium melder at det fredag denne veka var opptøyar i Hargeisa, der mange ungdommar skal ha protestert for lauslatinga hans.

NRK har ikkje fått svar frå Somaliland sin representant for Noreg.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no