Hopp til innhold

UD kalla inn Russlands ambassadør

Utanriksdepartementet gjennomførte i dag ein samtale med Russlands ambassadør til Noreg, seier utanriksminister Anniken Huitfeldt (Ap) i ei pressemelding.

– Vi kalla inn ambassadøren for igjen å gjere Noregs syn på avgjerda om å innlemme fire ukrainske regionar i Russland tydeleg. Dette er eit soleklart brot på folkeretten. Fiktive folkeavstemmingar endrar ikkje dette, seier Huitfeldt.

Førre veke blei dei fire ukrainske regionane Donetsk, Luhansk, Zaporizjzja og Kherson annektert og innlemma i Russland.

Samtalen fann stad etter Russlands annektering. Avgjerda blei fordømt på det sterkaste av statsminister Støre og utanriksminister Huitfeldt.

– Noreg vil halde fram den politiske, økonomiske og militære støtta til Ukraina i nært samarbeid med allierte land. Vi støttar Ukrainas suverenitet, rett til å bestemme innanfor eigne grenser, og retten til å forsvare seg, seier utanriksminister Huitfeldt.

EU-land har allereie kalla inn russiske ambassadørar i ein samkøyrd respons.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no