Hopp til innhold

Tyskland hentar heim soldatar frå Mali

Tyskland avviklar inntil vidare sitt bidrag til FNs fredsbevarande operasjon i Mali, opplyser det tyske forsvarsdepartementet.

Det har vore to militærkupp i Mali sidan 2020, og militærjuntaen har gjentatte gonger nekta tyske forsvarsfly å fly i Malis luftrom.

Utan denne tilgangen er det umogleg for det tyske forsvaret å rotere soldatane som er stasjonert der, seier den tyske regjeringas talsmann Steffen Hebestreit.

Tyskland er framleis innstilt på å delta i ein fredsbevarande operasjon i Mali, men berre dersom den bli støtta av Malis makthavarar, seier han. (NTB/DPA)

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no