Tyskland ber borgarar forlate Libanon
Tysk UD ber borgarar forlate Libanon så snart som råd, i frykt for at krigen i Midtausten skal eskalere, melder Reuters.
Ein talsperson for departementet ber tyskarar sørge for å kome seg ut av landet, sjølv om det betyr at dei må kjøpe dyre flybillettar.