Tyske våpen til Saudi-Arabia
Våpen og forsvarsmateriell frå Tyskland har kome fram til Saudi-Arabia med den tyske regjeringa si velsigning, trass i ein våpenembargo som har vart sidan 2018, skriv DPA. Verdien av desse skal vere 4,87 milliardar euro, ifølge partiet Die Linke.