Hopp til innhold

Tyskarane vil ikkje ha Laschet

71 prosent av dei spurde i ein meiningsmåling i Tyskland meiner det er delvis eller heilt gale at Armin Laschet ønsker å danne regjering etter valet søndag.

Laschet er statsministerkandidat for kristendemokratiske CDU, som gjorde sitt verste val. Laschet har likevel sagt at han vil prøve å danne regjering.

Berre 22 prosent støttar planane i ei meiningsmåling Civey Institute har gjort for avisa Augsburger Allgemeine.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no