Hopp til innhold

Tyrkia trekk tilbake «utvising»

Tyrkias president Erdogan trekk tilbake trusselen om å utvise visse vestlege ambassadørar, deriblant Noreg, skriv AFP.

Ambassadørane frå Noreg og ni andre land blei erklært «persona non grata», som er steget før utvising, førre veke. Årsaka til det var at dei kritiserte fengslinga av aktivisten Osman Kavala.

Måndag sende USAs ambassade i landet, samt Canadas, Nederlands og New Zealands ambassadar ut like Twitter-meldingar der dei viser til Wien-konvensjonen artikkel 41 og lover å ikkje blande seg inn i Tyrkias indre saker, ifølge NTB/Reuters. Noregs ambassade retvitra meldinga.

Erdogan seier han er glad for at ambassadørane har tatt eit steg tilbake frå kritikken.

– Dei vil vere meir forsiktige no, sa presidenten.

Utanriksdepartementet seier til NTB at retvitringa berre er ein presisering av at ambassaden med Kavala-utsegna ikkje har brote Wien-konvensjonen, og at dei vil halde fram med å oppfordre Tyrkia til å overhalde demokratiske og rettstatlge standardar.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no