NRK Meny
Soldater fra den kurdiske hæren og PKK samarbeider tett, her bruker de en bombekaster til å beskyte
Foto: Anders Sømme Hammer / NRK

Tyrkia og PKK

Oppsummert

Tyrkia har innleia ein militæroffensiv mot den kurdiske YPG-militsen i Nord-Syria. Tyrkia gjennomførte ei rekkje luftangrep laurdag og har samstundes sendt bakkestyrkar inn i området. Syriske styresmakter har fordømt angrepa og offensiven.

  • Tyrkia varsla USA om Syria-offensiv

    Tyrkiske styresmakter varsla USA i forkant av militæroffensiven mot den USA-støtta kurdiske YPG-militsen. Det stadfestar USAs forsvarsminister Jim Mattis søndag. Han seier vidare at Tyrkia har rettmessig grunn til uro rundt tryggleik i området.

  • Tryggingsrådet skal diskutere Syria

    Tryggingsrådet i FN skal diskutere situasjonen i Syria måndag, seier den franske utanriksministeren Jean-Yves Le Drian på Twitter søndag. Tyrkia starta laurdag ein offensiv mot kurdiskkontrollerte område i Nord-Syria og har utført fleire luftangrep.

  • USA med klar oppfordring til Tyrkia

    USA oppfordrar Tyrkia til å vise atterhald og avgrense dei militære operasjonane i Nord-Syria, skriv Reuters. USAs utanriksminister prata med sine tyrkiske og russiske motpartar laurdag for å uttrykke uro for den tyrkiske offensiven i Syria.

Afrin-regionen i Syria filmet fra Kilis i Tyrkia

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no