Hopp til innhold

Tvungen lønnsnemnd i oljestreiken

Regjeringa grip inn med tvungen lønnsnemnd i oljestreiken under eitt døgn etter at den starta.

Det opplyser arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen (Ap) til NRK tysdag kveld.

Arbeidstakarorganisasjonen Lederne tok frå midnatt ut 74 medlemmer ut i streik, noko som medførte at oljefelta Gudrun, Oseberg Sør og Oseberg Øst vart stengde.

På oppfordring frå arbeidsministeren har partane Lederne og Norsk olje og gass sagt at dei skal avslutte streiken slik at alle kan gå tilbake til jobb så snart som mogleg.

Det har blitt varsla opptrapping av konflikta frå onsdag, og ei ytterlegare opptrapping frå 9. juli.

– Den varsla opptrappinga er kritisk i dagens situasjon, både med hensyn til energikrisa og den geopolitiske situasjonen vi står i med ein krig i Europa, seier arbeidsministeren.

Leiarane streikar for auka lønn for å møte den generelle prisveksten i samfunnet.

Tvungen lønnsnemnd er eit tvangstiltak som styresmaktene kan sette i verk for å stoppe ei pågaånde arbeidskonflikt.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no