Hopp til innhold

Tuva Willassen omkom i Tyrkia

Det var tromsøkvinna Tuva Willassen (28) som blei funne omkomen i Antalya i Tyrkia onsdag.

Avisa Nordlys har snakka med Tromsø sin varaordførar Marlene Berntsen Bråthen, som var den omkomne kvinna si fostersøster.

– Heile familien er no i stor sorg, skriv Bråthen i ei melding til NRK.

Willassen var tidlegare kjend som ein populær bloggar under namnet Tuvaw.

Der fortalde ho blant anna at hennar biologiske far var den kjende Tromsø-musikaren Torbjørn Willassen, kjend frå duoen Tobben og Ero.

Dei siste åra har Tuva budd i Oslo.

Biletet av Tuva er brukt i samråd med den næraste familien.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no