Tusenvis evakuerte frå vulkanutbrot

Rundt 5000 menneske evakuerte etter at vulkanen Cumbre Vieja på den spanske øya La Palma hadde utbrot søndag.

Lavaen har allereie nådd nokre bustader og gjort det umogeleg å kome fram på fleire vegar.

Det er 50 år sidan sist vulkanen hadde utbrot.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no