Turist overnatta på Ulriken
Ein turist kjem seg ikkje ned frå Ulriken i Bergen. Mannen ringde politiet i går kveld og sa at han sleit med å gå ned. Avtalen var at han skulle prøva, og ringa opp att om han trong hjelp. I staden fann mannen ly og ringde politiet litt over kl. 05.