Hopp til innhold

Truss avbroten av Greenpeace-protest

To demonstrantar avbraut talen til den britiske statsministeren Liz Truss på landsmøtet til det konservative partiet i Storbritannia.

– Kven stemte på fracking? Statsminister, kven stemte på å verne om arbeidarane sine rettar, ropte ein av dei, og heldt opp eit skilt med logoen til Greenpeace.

Fleire deltakarar prøvde å røske til seg skiltet utan hell, før demonstrantane blei førte ut av tryggingspersonell, til stor jubel frå forsamlinga.

På talarstolen i Birmingham lova Truss å halde fram med skattekutta som regjeringa har lova, og oppfordra partiet sitt til å halde seg samla i tida som kjem.

Britain's Conservative Party's annual conference in Birmingham
Foto: TOBY MELVILLE / Reuters

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no