Trump sin stabssjef må vitne
Tidlegare president Donald Trump sin stabssjef i Det kvite hus, Mark Meadows, har blitt beordra til å vitne om storminga av Kongressen, melder ABC News.
Ein føderal dommar har med det avslått Trump sitt krav om at Meadows og andre nære hjelparar skulle få sleppe å vitne. Høyringa har som føremål å avdekke Trump si involvering i storminga av Kongressen 6. januar 2021.