Hopp til innhold

Trump vil ha Musk som utvalsleiar

Donald Trump vil sette ned eit effektivitetsutval dersom han vinn presidentvalet 5. november, melder Reuters.

– Eg vil opprette ein statleg effektivitetskommisjon som skal gjennomføre ein fullstendig finansiell resultatrevisjon av den føderale regjeringa og komme med tilrådingar for drastiske reformer, sa Trump då han talte til New York Economic Forum. torsdag.

Han ønsker at Elon Musk skal leie kommisjonen, og milliardæren skal ha takka ja.

– Eg ser fram til å tene Amerika om eg får denne moglegheita, skreiv Musk på X torsdag.

Donald Trump i blå dress og raudt slips som vinkar med ei hand

Trump vil ha Elon Musk til å effektivisera USA

Donald Trump lovar å gjera USA «rikare og sterkare» og vil utnemna Elon Musk til leiar av regjeringsutval om han vinn presidentvalet.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no