Hopp til innhold

Trump nektar skuldingar frå vitne

Mens Cassidy Hutchinson framleis vitna i høyringa i kongressen i USA, skreiv Donald Trump at han ikkje kjenner seg igjen i skuldingane mot han.

– Eg veit knapt kven denne personen, Cassidy Hutchinson, er, anna enn at eg har høyrt veldig negative ting om ho (totalt falsk og ein sladrehank), skreiv Trump på sin sosiale medieplattform, Truth.

Hutchinson fortalde mellom anna at Trump prøvde å ta over rattet i limousinen sin 6. januar, fordi han ville bli med demonstrantane som storma kongressen. Dette nektar Trump skjedde.

Donald Trump.
Foto: Ross D. Franklin / AP

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no