Truar med nei til KrF

Fylkesleiar i Framstegspartiet, Frank Sve, truar med å seie nei til å ta inn KrF i den borgarlege regjeringa. Det seier Sve til Sunnmørsposten (krev innlogging). Sve vil ha garantiar for meir sjukehuspengar. Dessutan fryktar han at fleire av hjartesakene til Framstegspartiet blir utvatna. Det gjeld mellom anna i innvandringspolitikken og avgiftspolitikken. Sve fryktar at partiet hans blir eit underbruk av Høgre.

Frank Sve
Foto: Roar Strøm / NRK

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no