Trekker seg frå FNs hovudforsamling

Afghanistans ambassadør til FN har trekt seg frå den planlagde talen i hovudforsamlinga måndag.

Ghulam Isaczai, som representerte den avsette presidenten Ashraf Ghanis regjering, skulle ha halde ein tale i hovudforsamlinga, der det var venta at han skulle trasse Taliban-regimet.

Men no er namnet til ambassadøren blitt fjerna frå talarlista.

– Landet har trekt seg frå deltakinga i FNs hovudforsamling, stadfestar FN-talskvinne Monica Grayley overfor AFP.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no