Tre tiltalt for skytedrap i Stockholm
Tre tenåringar er tiltala for drap og forsøk på drap etter at ein 27 år gammal mann vart skoten og drepen på ein restaurant i Stokholm i mars.
Dei tre som er tiltala i saka vart arrestert i nærleiken av åstaden kort tid etter drapet, og har vore i varetekt sidan 25. mars.
– Det vart òg funne våpen og klesplagg som gjerningsmennene har etter alt å dømme prøvd å kvitte seg med. Eg meiner omfattande tekniske bevis i form av blant anna DNA-spor knyter dei til hendinga, seier Aktor Niksa Lucic.
(NTB)