Tre lærarar i karantene i Horten
Tre av lærarane ved Horten vidaregåande skule er i korona-karantene etter at dei kom heim frå ein studietur i Nord-Italia, melder Gjengangeren. Avisa skriv at karantenen er eit reint tryggingstiltak og at dei tre førebels ikkje er testa for smitte.