Hopp til innhold

Guvernør: Seks drepne etter russisk angrep i Kharkiv

Talet på drepne etter eit russisk bombåttak mot den ukrainske byen Kharkiv har auka frå tre til seks, ifølgje den regionale guvernøren Oleh Synjehubov. Det melder Reuters.

Talet på skadde auka frå ti til 16, ifølgje guvernøren.

Tidlegare sa ordføraren i byen at tre var drepne etter angrepet, som starta ein brann i ei bustadblokk i den nordaustlege delen av byen.

Den ukrainske presidenten Volodymyr Zelenskyj kallar angrepet eit utspekulert og kynisk angrep på sivile, som Ukraina ikkje vil tilgje.

Russiske myndigheiter har førebels ikkje kommentert det påståtte angrepet. Angrepet er ikkje bekrefta av ei uavhengig kjelde.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no