Hopp til innhold

Trailer reiv vekk 80 meter med autovern og hamna på taket

Ein trailer med hengar har store skadar etter å ha køyrt av vegen på E136 ved Mongebrua i Rauma. Det skriv Politiet i Møre og Romsdal på Twitter. Traileren, som var lasta med øl, reiv også vekk omtrent 80 meter av autovernet før den enda opp på taket.

Førar blir sjekka av ambulanse, og politiet er på staden.

Vidare melder politiet om veldig glatt vegbane på staden og oppmodar trafikantar til å køyre pent og ta omsyn. Det skal føregå dirigering langs vegen.

Togtrafikken mellom Dombås og Åndalsnes skal vere innstilt etter at gjenstandar frå køyretøyet har ramla ned på jernbanesporet.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no