Tolvåring påkøyrd av båt

Ein fritidsbåt skulle bakke i Bjørnafjorden sør for Bergen då ein tolv år gut fekk den eine foten i propellen, melder Vest politidistrikt på Twitter. Han fekk djupe kutt i foten og er frakta med luftambulanse til traumemottaket til Haukeland universitetssjukehus.

Guten er alvorleg skada, opplyser politiet til Dagbladet. Politiet er på staden og snakkar med vitne.

Politiet meldte først at guten bada i sjøen, men han skal ha falle over bord då føraren av båten skulle legge til kai.

Laster Twitter-innhold

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no