Hopp til innhold

To SAS-fly vart treft av fugl og måtte snu

To SAS-fly som skulle til høvesvis Longyearbyen og Alta vart treft av fugl like etter at dei letta frå Gardermoen fredag kveld ved 19-tida.

– Flya måtte snu for ein rutinemessig sjekk. Passasjerane til Longyearbyen fløg med eit nytt fly, seier direktør for samfunnskontakt i SAS Knut Morten Johansen.

Det var 171 passasjerar ombord på flyet til Alta, og 165 passasjerar på veg til Longyearbyen.

– Det har ført til noko forseinkingar, men begge flya er no på veg til destinasjonane deira, seier Johansen.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no