Hopp til innhold

Ein alvorleg skadd i båtulukke i Sirdal

Ein båt og ein vasskuter har vore i ei ulukke i Sirdal, melder politiet i Sør-Vest på Twitter. Naudetatane og helikopter er på staden.

Dei to personane som var meldt skadde er tatt til land og blir behandla av helse. Skadeomfanget er framleis ukjent, men ein av dei skadde skal vera alvorleg skadd.

Det er uvisst kva som har skjedd.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no