Hopp til innhold

To personar frakta til sjukehus etter trafikkulykke i Alver

Nødetatane rykka ut etter melding om ei trafikkulykke i Alver kommune utanfor Bergen, skreiv Vest politidistrikt på Twitter.

To personer er frakta til sjukehus etter ulykka, mellom to motorsyklar og ein lastebil. To personar sat ilag på den eine motorsykkelen. Ein person sat åleine på den andre. Alle tre var bevisste, skriv politiet.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no