Hopp til innhold

To nye hus har rast i Gjerdrum

To nye hus har rast ned i skredgropa i Gjerdrum, melder Romerikes Blad.

– Vi fekk melding frå Gjerdrum kommune søndag føremiddag om at to nye bustadar har rast ned. Det er ei venta utvikling og noko vi har tatt høgde for, seier regionsleiar i NVE, Toril Hofshagen til avisa.

Ho seier at det framleis er risiko for at meir kan rasa ned og skli ut i skredgropa i området der det er bratte skredkantar.

Ho seier også at bebuarar i området ikkje treng å uroa seg for at det skal gå eit nytt skred der dei bur.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no