To mista livet i tribunekollaps
Ein mann i 50 åra og ein 12 år gammal gutt mista livet då tribunen kollapsa i ein synagoge på Vestbredden utanfor Jerusalem. Over 150 personar skal vera skadde. Det melder israelske medium. Redningstenesta Magen David Adom opplyser til Jerusalem Post at tilstanden er alvorleg for fem av dei skadde.