Hopp til innhold

To menn henta ut etter redningsaksjon på isbre

To menn i 40-åra har vore fast i ein bresprekk på Hardangerjøkulen, melder Hovudredningssentralen Sør-Noreg på Twitter.

Luftambulanse, alpin redningsgruppe og redningshelikopter har blitt brukt i aksjonen.

– Vi fekk melding rundt klokka 20, seier redningsleiar i hovudredningssentralen Johan Mannsåker. Han legger til at dei sjølv skal ha kome seg ut av bresprekken, men at HRS skal få dei vekk frå staden med redningshelikopter.

Hardangerjøkulen er Noregs sjette største isbre, og ligg i Eidfjord og Ulvik kommunar i Vestland.

Klokka 21:58 skriv HRS Sør-Noreg på Twitter at personane er henta ut uskadd.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no