Hopp til innhold

To kvinner drepne av hai i Egypt

To kvinner er døde etter at ein hai gjekk til angrep i Rødehavet. Hendinga skjedde sør for byen Hurghada. Det melder Reuters.

Ifølge Reuters er det ein rumensk turist i 40-åra og ein austerriksk turist på 68 år som er døde. Åtaka skjedde omkring 600 meter frå kvarandre.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no