Hopp til innhold

To kabintilsette til sjukehus etter alvorleg hending med Norwegian-fly

Førre sundag oppstod ein alvorleg hending med Norwegian-fly D82961 som flaug frå Rhodos til Helsinki. Det stadfestar Norwegian til NRK.

«Under innflyging mot Helsinki, då besetninga budde seg på landing, kom det plutseleg uventa turbulens som førte til at to kabinansatte vart skada», skriv kommunikasjonssjef Charlotte Holmbergh i Norwegian i ein e-post til NRK.

Dei to ansatte har fått sjukmelding og er no utskriven frå sjukehus, opplysar Norwegian.

Dei seier også at ingen ansatte kom til skade. Om lag 161 passasjerar skal ha vore om bord.

Rutinemessig skiv selskapet ein rapport om saka og samarbeidar med den finske havarikommisjonen.

«Det er ekstremt sjeldan at vi har personskadar i samband med turbulens. Flya er bygd for å tåle turbulens», skriv Holmbergh.

NRK har bedt Norwegian om eit intervju om saka, men verksemda ønsker ikkje å stille.

Dagbladet omtalte saka først bland norske medier.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no